«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 7

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Eg syntest om både utsikta, respatexborda og jentene bak disken med nylonforklede på. Eg var så fornøgd med alt at eg ikkje kunne nøye meg med ein kaffi og ein lefsestump, men kjøpte meg ein heil middag. Kjøtkaker og kålstuing. Eg sat no ved eit bord, med god kjøtkakesmak i kjeften, og såg framtida mi kome rullande mot meg som ei full høyvogn. Det lukta feitt og godt gras av henne, det var både kløver og plenti av timotei, og ei sprellande grøn grashoppe sat på kanten med ein liten klarinett. Vogna trilla hit og dit utan å treffe på ei einaste lita tue.

Videoen er innspilt 22. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.