«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 6

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Gatene såg lysare og trivelegare ut no, når eg ikkje lenger hadde koffertar å bere på og i staden heldt ein lys levande paraply over meg. Dersom det berre ikkje kom vind no og vrengde han. Paraplyen, altså. Eg lurte sterkt på kor Kaffistova var. Ho burde helst ikkje liggje for langt unna, for eg var svolten. Dei påsmurde rundstykka som mor mi hadde sendt med meg, hadde eg tenkt å ta til kvelds, og så langt lei det ikkje enno. Og kva fekk eg så sjå straks eg nærma meg Fisketorget og såg til venstre opp Strandkaien, om ikkje Kaffistova til Ervingen i eigen høge person? Ho låg på ein lur plass, ut mot hamna, slik at bygdefolket fekk auge på henne straks dei steig i land frå rutebåten. – Der er Kaffistova, ville dei tenkje og straks kjenne seg mindre åleine.

Videoen er innspilt 22. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.