«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Det er visst den sentimentale dagen vår i dag, sa Inger. – Det gjer ingenting, det er no ein merkedag òg. Men eg hugsar ein ting til òg, eg, om deg. – Gjorde eg noko òg? – Du ja, du var den første jenta som viste meg underbuksa si. Det skjedde bak hønsehuset dykkar, og det kjem eg aldri til å gløyme. – Nei, det må jo ha vore litt av ei oppleving. – Det skal eg seie. Det var som det første møtet med det hei- lage. Ei heilt ny dør inn til livet. – Og no er du komen eit skritt lenger, sa Inger. – Ja, men mysteriet er no helst over.

Videoen er innspilt 17. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.