«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Hugsar du i gamle dagar, sa eg, – dei jævla slagerane vi hadde då? Og dei dreiv vi og song på. Kva var det no alt saman? Det var «Åååå, gråtende sky» og «Er du glad i meg ennå, Karl Johan» og «Det var du som sa nei». Det var løye vi klarte å vekse opp! – Å eg veit ikkje om det er så mykje betre no, sa Inger. – Og det var no du som var den verste med slagerane. Du sat klistra til kvar bidige ønskjekonsert, og dagen etter kunne du syngje heile programmet for oss, frå «Nøtteliten» via «Det er makt i de foldede hender» til «Lappland» med Finn Eriksen.

Videoen er innspilt 15. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.