«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Det gjer du ikkje, sa eg. – Du ser fin ut. Eg skal seie deg det at eg har ikkje så lyst til å reise vekk lenger. – Det var litt av ein kompliment å få. – Eg meiner det. Eg skulle ønskje eg kunne bli hos deg i natt. – Det ville eg ikkje hatt noko imot. Men det går vel ikkje, det. – Nei, det går vel ikkje, det. Vi låg tett inntil kvarandre ei stund til. Så begynte det å klø alle plassar. Denne einstapen måtte vere av eit spesielt vondsinna slag. Og nokon som kunne slikt, hadde visst sleppt laus ein flokk mygg. Så vi tok til å tenkje på dei kleda som låg strøydde rundt oss.

Videoen er innspilt 15. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.