«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Det tok ei god stund før vi var oss sjølve att. – Det var noko, det, sa eg. – Det var noko, ja, sa Inger. – Det trongst, sa eg. – Ja, sa Inger. – Kvifor har vi ikkje funne på dette før? Då kunne vi spart både tid og krefter. Eg strauk henne over baken. – Der er det nok å ta av, ja. Eg held på å bli for feit. Det er det eg har att for å gå og daffe her inne. No når du reiser, så blir det vel endå verre. Om ein månad ser eg ut som Elisabeth Granne- mann og kjem til å sitje sund seta når eg reiser med bussen.

Videoen er innspilt 15. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.