«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Det var ikkje til å unngå. Leppene våre nærma seg, og brått hadde ho tunga langt inne i gapet mitt. Slik skulle det vere! Vi drog kvarandre ned mellom bregnane, og hendene mine var alt opptatt med å hekte opp låsen på BH-en hennar. No skulle han opp, og opp smatt han i første forsøk. Straks hadde eg to bryst mellom fingrane, og dei var svære og tunge. – Kle av deg! kviskra Inger andpustent, og vi kasta alt i ein fart, både skjorter, bukser, underbukser og alt vi kunne finne. Eg kjende eit fast grep mellom låra, og det neste eg visste, var at eg sat fast i fella, og eg støytte til det eg kunne. Eg ville så gjerne ha sett Inger i augene, men ho hadde late dei att.

Videoen er innspilt 14. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.