«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Vi var komne ned på den flate plassen med høgt og stivt gras og grøne og uutgrundelege bregnar, der bekken vidar seg ut og gjer ein sving på same tid, for så å bli borte inne mellom fure- trea. Eg veit ikkje kor det blir av han. Han går sine eigne vegar, der det ikkje er enkelt å følgje. Som det skulle vore avtalt spel, stoppa vi opp der midt i bregnane, og eg strauk Inger kameratsleg over ryggen. Vi var då gamle kjende, og eg skulle reise min veg dagen etter. Ho reagerte med å ruske meg i håret. Vi la armane rundt kvarandre og blei ståande slik og kjenne på dei kroppane vi hadde. Inger hadde ein mjuk kropp, medan min måtte vere hardare og meir kantete.

Videoen er innspilt 14. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.