Ei mild luft strauk seg oppetter låra våre. Små flokkar med feite fluger summa her og der. Sommarens siste fluger måtte det vere. Om det ikkje alt var haustens første. Sidan dei ikkje skifte farge etter årstidene, var det vanskeleg å seie. Vi gjekk over den vesle steinbrua og kikka ned i bekken. I den hadde eg ein gong fanga min første aure. Gudane måtte vite om det blei fleire. Og aurane var nok glade til, om det skulle vere nokon att nedi der.
Videoen er innspilt 14. januar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.