«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Og veit du kor det er blitt av ho Mari? Det visste eg heller ikkje. Men eg frykta det verste. – Er ho gift, kanskje? prøvde eg. Lagnaden verre enn døden. – Med ein fyllik frå Bergen. Ho hadde ein unge med ein annan ein. – Ja, eg hugsar det spetakkelet. – Ho var no galen, ho Mari. Det var rart korleis det hadde gått med oss, vi som hadde vore så svære ein gong. Vi var visst komne meir ned på det menneskelege planet, heile gjengen. Og der sat vi vel godt. Inger hadde tatt til å vri litt på rumpa, og akte seg fram og tilbake. Det var teikn på eitt eller anna.

Videoen er innspilt 10. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.