«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Du, han gamle Steinaren, sa eg, – kor er det eigentleg blitt av han? Eg har ikkje sett han på år og dag heller. – Nei, han reiste no til sjøs, han. – Steinaren til sjøs? Det var då for jævlig. – Både han og Olaven. – Olaven visste eg om, sa eg, – men Steinaren. – Det var i fjor haust, det. Ingen har høyrt noko frå han sidan. – Og Peder er stadig i kasjotten? – Ja, han er vel bra utålmodig etter å kome ut og gjere store ting. Og få pålegg på maten. – Det var no ei håplaus historie å prøve seg på banken her. Han var litt av ein amatør. Men han trudde vel det var noko anna han var.

Videoen er innspilt 10. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.