– Har du ikkje lyst til å reise vekk, du òg? Eg sat og gnog på eit gammalt strå. Det var ikkje rare smaken igjen i det. Det måtte ha lege der sidan juni. – Det har eg vel. Men kor skulle det bli? – På ein eller annan skule? – Nei, gjeeeee deg. Eg spytta ut strået. Eg hadde soge livsgneisten ut av det. – Viss det er strå du er ute etter, så finn du sikkert eit som er friskare av dei eg har raka saman i dag. Berre forsyn deg. – Takk, sa eg og tok eit nytt strå.
Videoen er innspilt 10. januar 2014.
Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.