«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Jau, eg tar vel turen, sa eg. – Eg har tenkt å bli der i haust i alle fall. Det var no det eg kom for å seie. – Kossen er det med alle dei kattane som du dreiv og drog etter deg, skal du ha med deg dei? – Nei, det er lenge sidan dei er vekke. Dei fall ifrå. Var ikkje sterke nok i trua. Inger hadde på seg ei gammal olabukse og ei rutete skjorte med tre knappar opne i halsen. Ho hadde lagt på seg sidan sist eg såg henne, og blitt bra rund både her og der. Eg derimot hadde tatt av. Det hadde sommaren gjort med meg.

Videoen er innspilt 10. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.