«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Men no sat Inger på bakken med augene att og prøvde å få dei siste strålane frå ettermidagssola til å samle seg i ansiktet sitt. Ho klarte det ikkje heilt, men langt unna var det ikkje. – Guds fred over arbeidet, sa eg. – Det var då jæklig til fint besøk, sa Inger og myste mot meg, som om det var eg som skulle vere sola. Det var no smigrande, men. – Det er du som skal til by’n, høyrer eg, sa ho. – Kven har du høyrt det av? sa eg. Eg trudde ikkje eg hadde sagt det til nokon. – Nei, eg veit ikkje, eg. Kanskje drøymde eg det, eller kanskje var det ein fugl som song det medan eg sat her.

Videoen er innspilt 10. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.