«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Er ho Inger inne? spurde eg far hennar i døropninga. Han såg harsk og beisk ut. Eg måtte ha dratt han ut av middagskvilda. – Kven? spurde han. – Å ho Inger? Nei, ho er ikkje inne. – Tør eg spørje kor ho er, då? – Ho er vel bakom løa, vel. Sur dævel til fyr. Og Inger bakom løa? Det skulle ikkje forundre meg om han hadde bunde henne fast til ein påle der. Inger hadde drive på og raka. Det kunne eg sjå på den vesle dungen med gras og den nesten tannlause riva som låg attmed.

Videoen er innspilt 10. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.