«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 3

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Den einaste eg ville ta farvel med av folk eg kjende, var Inger. Det var no eit innfall eg fekk. Eg hadde verken sett eller snakka med henne på lange tider. Kanskje gjekk eg til henne fordi ho budde såpass nær at eg slapp å slite meg ut for å kome dit. Eg slapp til og med å klatre over gjerdet, slik eg måtte før i tida. Ein gjeng med kyr hadde trakka ned heile driten, og ingen hadde gidde å setje det opp att. Det var sanneleg lovlause tilstandar blitt. På høg tid å kome seg vekk, såg det ut for.

Videoen er innspilt 10. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.