«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 2

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Der var bokhylla med Davy Crockett-bøkene og heile Fem-serien til Enid Blyton, og det vesle skåpet med alle småtinga mine, som eg ikkje klarte å kvitte meg med. Her var då til slutt nattbordet med den gamle Radionetten, og senga mi med bamsen nede i fotenden. Eg skulle gjerne ha tatt med meg alt, men det gjekk jo ikkje. Eg opna glaset og drog inn den søtlege augustlufta, som enno inneheldt litt duft av jenter og smørblomar, marihøner og kyr, sjø og jonsoknatt og krokanis. Den skulle eg bere med meg og sleppe ut litt av når eg trong det.

Videoen er innspilt 09. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.