«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 2

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

No gjekk eg opp på rommet mitt og sette meg på senga. Eg kjende trong til å ha ei stille stund for meg sjølv, og eg kjende trong til å ta av meg buksa og skjorta. Slik ja, no sat eg berre i underbuksa og kjende at eg blei stillare og stillare. Eg såg på tinga rundt meg. Eg hadde vakse, men tinga var jamt over slik dei alltid hadde vore. Og no skulle eg reise frå dei. Då var det berre rimeleg at vi hadde ei stille stund saman først. Der var den gamle lenestolen med raudt og slite trekk og ei lang fjør. Der var skåpet med dei få kleda eg brukte. Der var det feittete bordet og den harde og høgrygga stolen.

Videoen er innspilt 09. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.