«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 2

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Det som redda meg før ryktet mitt blei heilt øydelagt (det var enno ein bete igjen), var at dei la ned heile sildoljen. Tillitsmannen blei kalla inn på kontoret og fekk beskjed: Dei skulle leggje ned denne fabrikken som ikkje lenger lønte seg. Det ville vel ikkje vere vanskeleg for oss å finne anna arbeid? Eg drog heim og tok meg eit grundig bad med tallause inn såpingar. Men tru ikkje at det hjelpte slik med ein gong. Sjølv om lukta på det nærmaste var vekke, så følgde kattane etter meg like forbanna, berre av gammal vane. Eg måtte vere lett å kjenne att. Dei såg antakeleg på meg som ein slags åndeleg leiar, som skulle føre dei tørrskodde gjennom øydemarka.

Videoen er innspilt 09. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.