«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 2

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Dette at eg skulle dra til Bergen om hausten, var ikkje noko som datt i meg då. Det hadde sveva litt rundt i bakhovudet mitt gjennom heile sommaren. Men no begynte det å daske og romstere nokså høglydt inni der. Eg måtte nesten gjere noko no. Det hadde liksom ikkje vore noko tak i meg etter at eg slutta på gymnaset. Eg hadde jobba på sildoljen eit års tid, til det lukta slik av meg at ei skrei med kat- tar følgde meg kor eg fór, og eg begynte så smått å kjenne meg som den store kattefangaren frå Hameln.

Videoen er innspilt 08. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.