«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 1

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Ho hadde ei slags haustleg grøn-brun drakt på seg, for liksom å banke inn kva som stod på. Det hadde no ikkje vore nødvendig, det. Der stod vi no og såg på kvarandre og visste at det nok var siste gongen. Bussen stod der også, og riste litt på seg, for å vise at han var der, og at han spelte ei ikkje uvesentleg rolle. Hadde han vore litt stillare, kunne vi sikkert ha høyrt eit lågt sus i trea. Det ville ha vore fint å høyre det, men no høyrde vi det altså ikkje. – Du, sa eg. – Lat oss ikkje begynne med det igjen, sa ho. – Men kanskje, sa eg. – Nei, sa ho. Så sa sjåføren, som også hadde trengt seg inn i bildet, at dersom ho hadde tenkt å vere med, så fekk ho henge på. Det hadde ho tenkt. Og den som blei ein melankolsk baby til slutt, det var eg.

Videoen er innspilt 07. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.