«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 1

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Men sommaren begynte etter kvart å sitje rastlaust på stolen, vri på seg og klø seg på låret, og vi forstod at han gjorde seg klar til å forsvinne over alle bakkar og dra tilbake dit han kom frå. Det skulle jenta òg. Med bussen og gode greier. Det var berre om sommaren ho ville vere med meg. Kven ho var med resten av året, det visste ikkje eg i alle fall. Ein dag stod ho der, attmed bussen, og venta på at han skulle gå. Framfor henne stod eg og hadde problem med kor eg skulle gjere av armane mine. Dei brukte då ikkje å vere så i vegen før i tida.

Videoen er innspilt 07. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.