«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 1

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Veit du kva det var for ein melodi? spurde eg. – Kva for ein då? – Den eg spelte, vel. No fekk ho ta seg ein bolle. – Nei, eg veit ikkje, eg. – Det var «My Melancholy Baby», sa eg. – Det var ikkje særleg lett å høyre, sa ho. – Å? sa eg. Eg tok det ikkje så tungt. Det var for varmt til det. Eg la munnspelet tilbake på plass og tok til å syngje litt i staden. – Come to my, my melancholy baby, song eg, og håpte inderleg at den melankolske babyen ville følgje oppmodinga.

Videoen er innspilt 02. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.