«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 1

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Kva trur du det blir til med musikken? kunne ho til dømes spørje. – Med musikken? sa eg og såg på den blomstrete bikinien hennar. – Du høyrde kva eg sa, sa ho. – Jau, med musikken kjem det vel til å gå bra, sa eg. – Eg kan ikkje tenkje meg anna. Eg drog fram eit munnspel som eg hadde innanfor badebuksa. Det var det som hadde bula ut slik, og ikkje noko anna, slik ein kanskje skulle tru. Eg sette det for kjeften og spelte ein melodi. Eg kunne høyre at det spratt fiskar opp frå sjøen for å sjå kven det var som spelte. Dei blei nok skuffa når dei såg at det berre var meg.

Videoen er innspilt 02. januar 2014.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.