«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 1

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Før dette hende, hadde det vore sommar. Det hadde vore ein varm og lys og kronglete sommar av det gode slaget som gav deg sug i mage og hjarte, og han hadde vart i fleire månader. No var det på tampen av han, og det regna på den fine, blomstrete skjorta mi og på dei gamle koffertane mine. Eg hadde vore saman med ei jente denne sommaren. Vi var enno så unge, tykte vi, så no kunne vi likså godt vere saman ei stund og gjere det beste ut av alt. Ei stund låg vi ute ved sjøen og blei brune og døsige. Då prata vi om ting som vi meinte var viktige.

Videoen er innspilt 20. desember 2013.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.