«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 0

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

– Ja ja, her er Bergen, sa bussjåføren. I tilfelle eg skulle ha vore i tvil. Han stod bak meg med ein sneip i kjeften. No hadde han lov til å tenne han. – Er det pennies from heaven det regnar her, eller er det noko anna? spurde eg, for å vise at eg var no på høgd med kva som helst, sjølv om eg kom ute frå bygdene og var av småbrukarslekt. – Det er vel vanleg regn, veit eg, sa bussjåføren. Han såg opp, som om han likevel måtte forsikre seg om at det var det det var, og ikkje det som eg sa. Eg tok ein koffert i kvar hand, steig ut i byen og venta meg det verste.

Videoen er innspilt 19. desember 2013.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.