«Tilbake til høytlesing av hele boken

Sveve over vatna av Ragnar Hovland

Utdrag fra kapittel 0

Facebook Twitter Google Digg Reddit Pinterest StumbleUpon Email

Pennies from heaven Den raude bussen glefste ikkje etter folk. Han kom farande stillferdig, på ein skyete, lodden dag på grensa mellom sommar og haust, for å setje meg av i denne byen. Her skulle eg slå meg ned. For ei stund i alle fall. Det hadde begynt å regne då eg steig av bussen med koffertane mine, og det var ein tjukk og svart strek i rekninga, for eg hadde bra klede på meg. I alle fall var ikkje skjorta så verst. Buksa var nok litt sliten på knea. Bussjåføren kom ut etter meg, sidan eg var den siste for tapte sjela som steig av her på busstasjonen i Bergen. Eg såg opp på det grå regnet som sildra nedover oss. Så det var slik det såg ut.

Videoen er innspilt 19. desember 2013.

Denne boken er utgitt i 2002 av Samlaget. Brukt med tillatelse fra forfatter og forlag.